Digitalisering, berekraft og innovasjon
Studietilbud / Studietilbud med studiepoeng / Digitalisering, berekraft og innovasjon
Jobbar du innan offentleg eller privat sektor og er nysgjerrig på digitalisering, berekraft og innovasjon? Ønskjer du meir kunnskap om korleis digitalisering kan skape ei berekraftig utvikling? Da kan du ta vidareutdanning gjennom vårt modulbaserte deltidsstudium i Hallingdal.
Digitalisering, berekraft og innovasjon er eit fleksibelt deltidsstudium som passar mange ulike arbeidsgrupper.
Å auka kunnskap om berekraft og innovasjon på digitale flater er aktuelt for bedrifter som treng meir kunnskap for å kommunisere og skape verdi saman med kundar og leverandørar. Det er også relevant for kommunar som skal kommunisere med innbyggarar, eller skular som kommuniserer med elevar og føresette.
Bli med på eit lokalt kunnskapsløft og bygg kompetansen du treng for å styrke digitaliseringsarbeidet, bærekraftskunnskapen og innovasjonsevnen i verksemda du arbeidar i!
Samlingar
Studiet er samlingsbasert og samlingane vil føregå på Bardøla høyfjellshotell eller Vestlia Resort på Geilo. Undervisning mellom samlinger skjer digitalt. Du kan sjølv velje kor mange modular du du ønskjer å ta.
Vi tilbyr 7,5 – 15 studiepoeng kvart semester i perioden 2023 – 2026.
Kurspakken
Studiet består av fleire emne, og kursane rulles ut fortlaupande frå våren 2023.
Våren 2023 vert emnet Digitalisering og omstilling tilbydd. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.
I pilotperioden 2023–2026 er kursa gratis for studentar. Kurspakken er finansiert av HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse).
Organisering
Kurspakken på Geilo (Hallingdal) består av frittståande kurs à 7,5, 10 eller 15 studiepoeng.
Kvart kurs går på deltid over 1 semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.
Bakgrunn
Denne utdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Utdanningssenteret på Geilo, Hol kommune og Viken fagskole. Prosjektet Geilo 100+ er finansiert av HK-dir i pilotperioden 2023 – 2026.
Informasjon med forbehold om trykkfeil.
Tekst og informasjon hentet fra Høgskolen på Vestlandet, og tilhører dem.
Studiepoeng: 7.5 eller 15
Modulbasert deltidsstudium i Hallingdal. Fortløpende opptak!